BB20170304_LoenSkylift_DSC06989.jpg
Eksteriør II.jpg
BB20161007_HovenLoen_DSC08181.jpg
BB20161007_HovenLoen_DSC08109.jpg
BB20161007_HovenLoen_DSC06890.jpg
BB20161007_HovenLoen_DSC08595_2000.jpg
BB20170304_LoenSkylift_DSC06989.jpg

Loen skylift


Opnar 20. mai 2017

Ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena, i Loen, Stryn, Nordfjord.

SCROLL DOWN

Loen skylift


Opnar 20. mai 2017

Ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena, i Loen, Stryn, Nordfjord.

Vi feirar opninga av Loen Skylift og Hoven Restaurant med ein storslagen fest til fjells, med norges beste liveband HIGHASAKITE på programmet. Og no har DU sjansen til å få med deg dette. 

 
 
Eksteriør II.jpg

frå fjord til fjell


frå fjord til fjell


20. mai 2017 opnar Loen Skylift - ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei pendelbane vil løfte deg frå fjorden til 1011 m. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet.

AKTIVE OPPLEVINGAR

Via Ferrata og vandring i sommarhalvåret, og trugeturar og toppturar når snøen kjem. 

HOVEN RESTAURANT

Nyt god mat og drikke, med panoramautsikt over fjord og fjell. 

LOEN SKYLIFT

Frå fjord til fjell på fem minutt, med moderne og miljøvenleg teknologi. 

BB20161007_HovenLoen_DSC08181.jpg

Bestill


Bestill


Bursdagsfeiring, kundearrangement, eit gåvekort eller tur i Via Ferrata Loen inkludert pendelbane ned att. Ta kontakt, så hjelper vi deg! Produkt og pakkar finn du her. 
Kontakt oss på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00

BB20170304_LoenSkylift_DSC06474.jpg

EVENTS

No kan små og store grupper bestille plass på Hoven Restaurant og Loen Skylift. 
 

15876688_113540715816765_4484373459673022464_n.jpg

GÅVEKORT

Den perfekte gåva, som ikkje tek plass i skuffer og skåp, men som skapar opplevingar for livet.
 

VIA FERRATA + BANE

Loen Active har opna bookingen for 2017, og no kan du bestille guida tur i Via Ferrata Loen og retur med bana i same pakke. 

BB20161007_HovenLoen_DSC08109.jpg

Om Loen Skylift


Om Loen Skylift


Våren 2017 opnar Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange - valet er ditt.   

Prosjektet vert gjennomført i selskapet Hoven Loen AS der Hotel Alexandra AS, Nordfjord Kjøtt AS, Garaventa AG og Stryn kommune er dei største eigarane. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersonar i regionen inne på eigarsida.

BB20161007_HovenLoen_DSC06890.jpg

Kontakt


Kontakt


Ta kontakt så hjelper vi deg!

HOVEN LOEN AS
6789 LOEN, NORGE

Tel. +47 57 87 59 00  |  post@hovenloen.no

Presse/media? Sjå denne sida for nyttig informasjon. 

 
BB20161007_HovenLoen_DSC08595_2000.jpg

Kome hit


Kome hit


Loen Skylift er lokalisert i bygda Loen som ligg inst i Nordfjord, i Sogn og Fjordane. 

Med bil
Loen Skylift ligg rett ved riksveg 60 i Loen. Det er 10 minutt frå Stryn, 2,5 timar frå Ålesund, 4,5 timar frå Bergen, og 6 timar frå Oslo med bil. 

Med fly
Dei næraste flyplassane er Hovden og Sandane, som vert operert av Widerøe, med direktefly frå Oslo og Bergen. Ålesund Lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Norge, i tillegg til London, København, Amsterdam og mykje meir. Bergen internasjonale lufthavn ligg 6 timar unna. 

I samarbeid med Hotel Alexandra tilbyr vi transport frå Hovden, Sandane og Ålesund heile året. 

Med buss
Norway Bussekspress frå Bergen, Ålesund og Trondheim, og Nettbuss frå Oslo. Lokal ruteopplysning på Kringom.no

NYTT 2017: UNESCO Fjord Buss-tur dagleg t/r Sogndal via Nordfjord og Loen, til Geiranger. Du kan starte turen fra Sogndal, Stryn, Loen eller Geiranger. Sesong: 10.juni- 13.august. Meir informasjon. 

Leigebil
Avis, Stryn. Tlf. +47 57 72 50 80. Hertz Stryn. Tlf. 47 419 22 885

Taxi
Stryn Taxi: +47 57 87 23 50. Olden Taxi: +47 950 86 146