Offisiell opning
Loen Skylift og Hoven Restaurant

20. mai blir ein stor dag i Loen, når vi skal opne Loen Skylift og Hoven Restaurant.

H.M. Dronning Sonja skal stå for den offisielle opninga ved Fjordstasjonen i Loen kl. 12.00. 

PROGRAM:
Blomsteroverrekkjing
Songinnslag med Indigo Child
Helsing v/ordførar Sven Flo
H.M. Dronning Sonja opnar Loen Skylift
Song ved alle borna ved Loen Skule
Minikonsert med Indigo Child

Parkering ved Nordfjord Kjøtt. Fri transport frå Nordfjord Kjøtt til Hotel Alexandra. Det vert også returtransport.

Merk: Bana opnar for ordinær drift 21. mai.

Kveldsarrangement - "party heaven"

Vi held fram feiringa på kvelden, med ein storslagen fest til fjells, med norges beste liveband HIGHASAKITE og DJ  SJUR på programmet. 

Loen Skylift startar oppturen frå kl 19:00.
Aperitiff
Tapas og lokal fingermat frå kl 20:00
DJ  SJUR
Konsert med HIGHASAKITE ca kl 22:30
Retur med Loen Skylift frå 23:30 til kl 02:00

Dette blir ei magisk oppleving med majestetisk utsikt, og rå musikk med landets beste live band!

Vi planlegg å ha konserten ute på taket, men må ta eit lite atterhald om veret. 

Arrangementet er fullbooka.

Aldersgrense: 20 år. Antrekk: Pent.

Registrering og utdeling av billettar ut frå bestillingsliste ved Fjordstasjonen frå kl 18:00 same dag.